Falkberget-Ringen - Falkberget-Nytt


ForsideForside  Falkberget-RingenFalkberget-Ringen  Om dikterenOm dikteren  Dikter-museetDikter-museet  LitteraturfestLitteraturfest  An-MagrittAn-Magritt  An-Magritt-året 2009An-Magritt-året 2009  Bøker og hefter om Johan FalkbergetBøker og hefter om Johan Falkberget  ArkivArkiv
 

Informasjon

Årsmøte

Seminar

125-årsjubileum 2004

An-Magritt-treff 2004

Falkberget-Nytt
  - nr.10 (2004)
  - nr. 9 (2002)
  - nr. 8 (2001)
  - nr. 7 (2000)
  - "Gunhild" inspirert av "vedskjælloftet"
  - Trønderboka i 1000 år
  - Johan Falkberget som jeger

Bli medlem

Småskrifter

Vedtekter

Styret

Årsmelding

Gjestebok


Falkberget-Nytt nr. 7

Johan Falkberget som jeger

Den 26. februar 1932 var denne saka oppe i Odelstinget: «Forandring i lov ang. jakt og fangst.» Under ordskifet sa Johan Falkberget mellom anna dette: « - - - Med hensyn til jakttiden har jeg den erfaring - jeg har også selv drevet litt med jakt i min ungdom - at 10. september er i tidligste laget. - - - »

I arkivet på Ratvolden har vi eit lite heimlaga album med 12 foto. Samtlege foto har motiv frå jakt. Det er fem karar - ein av dei er Johan Falkberget - som heldt til i eit heller ynkeleg krypinn. Av fotoa elles kan ein sjå at det blir jakta på vårsida. Det er berrflekker, snøfonner og ein og annan vassdam. Vegetasjonen er gamal barskog. Fangsten - storfugl (?) - er slett ikkje dårleg. I krypinnet har dei lesestoff. Ein kan sjå eksemplar av Hvepsen og Social-Demokraten.

Svar på spørsmål som når, kor, kven må det bli berre gjetting. Det næraste må bli åra 1910 - 1912, at tilsette i Hvepsen og / eller Social-Demokraten disponerer eit krypinn i eit eller anna skogområde på Østlandet. Men at Johan Falkberget har vore med på jakt, treng ein ikkje tvile på.

Hausten 1998 tok Sidsel og Olav Hanshus, Soknedal, kontakt med Falkberget-Ringen.. Dei kunne fortelle om eit interessant funn på Hanshussetra -«Hanshusvangen» - i Kvikne - like ved dei gamle koppargruvene. Funnet vart gjort under restaurering av seterlaua på vollen. Den gamle taktroa - som sikkert tidlegare har vore brukt til panel - skulle vekk. Da kom ei fjøl, ein planke, med skrift på for ein dag. Sidsel og Olav gjorde som rett var. Dei tok vare på fjøla og gav seg til å studere og granske det som der stod. Rett nok var blyantskrifta heller vanskeleg å tyde, men opplysningar om namn, dato, jakt var greie nok.

Sitat:«Den 7 - 5 - 1915 var vi her Paul Glad(?), PetraLarsen og Johan Falkberget. Vi skaut 45 harer og 270 - ? - og 400 -?- . Og mange Tak for den Jaktleilighed Ole - Tarald Hanshus - - - - - »

Skal ein ta opplysningane for god fisk, har Johan Falkberget altså vore på Hanshussetra i Kvikne på jakt våren 1915 - og at fangsten har vore heilt utruleg. Det er ikkje Johan Fakberget si handskrift på fjøla.

Skulle det vere noen som har opplysningar, vil redaksjonen sette pris på melding.

Anders Sakrisvoll

<– Tilbake til artiklene


Kommentarer? Spørsmål? Send e-post til Falkberget-Ringen, Åse Berg.